21 dommarar er klare til å dømme under Landskappleiken på Røros. Det er ein lang prosess å få på plass alle dommarane til Landskappleiken, men også i år har kunnskapsrike folk på sine felt, frå ulike delar av landet, takka ja til å ta på seg dommargjerninga.

Det er styret i FolkOrg som er ansvarlege for dommarane under Landskappleiken, og juryen vert sett saman ut i frå styret sine godkjende lister. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna geografi, bakgrunn, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Det er nokre dommarpostar som er meir krevjande å få på plass enn andre, og slik var det også for årets kappleik. Det er til dømes ikkje alltid så lett å få det til å gå opp slik at det vert heilt jamt fordelt mellom kvinner og menn, og på Landskappleiken på Røros er det 12 menn og 9 kvinner som skal dømme.

Landskappleiken er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landskappleiken må setje av tida frå onsdag til søndag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom kappleiken. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landskappleiken!

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landskappleiken, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg.

Vi oppmodar både utøvarane og publikum om å la dommarane få vere i fred!