Dei nominerte til årets folkemusikkarrangør er no klare.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. I år er dei nominerte: (I alfabetisk rekkjefylgje.)

Folkemusikkveka
TrondheimFOLK
Valdres folkemusikkarrangement

Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

Kriterium for årets utvelging var:
FolkOrg vil gi prisen for årets folkemusikkarrangør 2016 til ein arrangør som inkluderer dansen som ein del av sitt program, og som evnar å skape blest, interesse og entusiasme for arrangementa og sjangeren”

Tidlegare vinnarar av prisen er: 

2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg

 

Presentasjon av kvar arrangør kjem etter kvart.