Tildeling hausten 2017 til unge utøvarar på hardingfele. FRIST for innsending av forslag er 18. SEPTEMBER 2017.

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2017, og er på kr. 15 000,-

Kappleiken finn stad i Askvoll, 13.–14. oktober 2017.

FRIST for innsending av forslag er 18. september 2017.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen
Kong Oscarsgt. 15
5017 Bergen

E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2017”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/