Regelmessig arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken, sterke bidragsytarar i kulturlivet i sin region, mange spennande prosjekt innanfor folkemusikk og –dans. Dette er berre nokre stikkord om vinnaren av Årets lokallag i FolkOrg i 2017.

Det er spesielt som arrangør av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk at Vågå spel- og dansarlag har vore ein betydeleg kulturell aktør i lokalmiljøet sitt. I tillegg står laget som arrangør av Folkemusikktreffen siste helga i januar kvart år. Gjennom desse arrangementa bidreg Vågå spel- og dansarlag med stor aktivitet blant både lokale lag og organisasjonar, og genererer betydelege inntekter til handels- og næringsdrivande i kommunen. Dette er kulturbasert næringsutvikling på høgt nivå, noko som bidreg til at ein liten distriktskommune aukar sin attraktivitet som besøksstad, og som i neste omgang kan bidra til fleire arbeidsplassar.

I Vågå spel- og dansarlag har arbeidet med rekruttering av barn og unge lenge vore høgt prioritert, og overskot frå arrangementa dei seinare åra har i stor grad vorte brukt til rekrutteringsarbeid. Laget tilbyr aktivitetar som kan bidra til å vekkje dei unge si interesse for folkemusikk og folkedans, både spel, song og dans. Dei har eit juniorspelemannslag med 11 aktive utøvarar, og hausten2015 starta dei ei rekruttgruppe for nye og ferske felespelarar med tilbod om gratis leige av instrument. Interessa var stor, og i dag tel gruppa heile 18 rekruttar mellom 7 og 16 år. ”Viser og vers” er ei vokalgruppe som starta i 2014 med om lag 10 songarar mellom 5 og 12 år, og i tillegg til juniordansarar i spel- og dansarlaget har dei ei hallinggruppe med 5-6 aktive dansarar som møtest kvar veke.

Laget har i mange år hatt eit samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken der alle elevar på 5. steg i Vågå-skulen blir kursa i folkedans av profesjonelle instruktørar. Gjennom fleire vintrar har ungdommane møtst til dans med instruksjon og servering av pizza i pausen. Dette er eit populært tiltak som gjennomsnittleg trekkjer 30-40 ungdommar.

Vågå spel- og dansarlag samarbeider tett med kulturskulen og har dei seinare åra bidrege både med økonomi og ressurspersonar til prosjektet FolkRekrutt. På Landskappleiken i 2016 deltok spel- og dansarlaget på den store Vågåkvelden, ”Ikkje ver blug, kyss meg”, i regi av Kultivator AS, eit prosjekt som vert vidareført med CD-innspeling og framsyning i Oslo våren 2017. Laget har og bidrege på CD-innspeling med Brazz Brothers, og laget hadde nyleg konsert saman med jazzbandet Bech/Skeidsvoll frå Molde. På denne måten gjer Vågå spel- og dansarlag ein innsats for at folkemusikktradisjonane skal nå ut til eit større publikum.

Vi gratulerer Vågå spel- og dansarlag som årets lokallag i FolkOrg i 2017!